Hareid skulekorps ynskjer nye aspirantar velkomne!

Hareid skulekorps har mange aspirantar, men vi har sjølvsagt plass til fleire. 
Om du sjølv, eller nokon du kjenner kunne tenke seg å spele saman med oss, så er alle hjarteleg velkomne.

Instrument ordnar korpset. Hareid skolekorps betalar for musikkopplæringa ved Hareid kulturskule, og det er ingen medlemskontigent. Hareid skulekorps satsar på å skape musikkglede og kjekke sosiale aktivitetar for våre musikantar. Ta gjerne kontakt på telefon 48090095 eller kontakt@hareidskulekorps.no om dykk lurer på noko, så ordnar korpset med påmelding og betaling av kulturskulen og musikkopplæringa.

Alle er hjarteleg velkomne til Hareid Skulekorps!